2. Kongebok 11:9-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Hovdingane over livvakta gjorde i eitt og alt som presten Jojada baud dei. Dei tok kvar sine menn, både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing, og kom til presten Jojada.

10. Presten lét hovdingane få dei spyda og skjolda som hadde høyrt kong David til, og som var i Herrens hus.

11. Og vaktmennene stelte seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av templet, bort imot altaret og huset, i ein ring kring kongen.

2. Kongebok 11