1. Samuelsbok 7:8-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. og sa til Samuel: «Hald ikkje opp med å ropa til Herren vår Gud for oss, så han bergar oss frå filistarveldet.»

9. Då tok Samuel eit soglam og ofra det som heiloffer til Herren. Han ropa til Herren for Israel, og Herren svara han.

10. Medan Samuel bar fram brennofferet, rykte filistarane fram til strid mot israelittane. Men den dagen sende Herren eit sterkt torever over filistarane og sette slik støkk i dei at dei tapte for israelittane.

11. Då drog Israels-mennene ut frå Mispa; dei forfylgde filistarane til nedanfor Bet-Kar og slo dei.

12. Der tok Samuel ein stein og sette han opp mellom Mispa og Jesjana. Den kalla han «Hjelpesteinen» og sa: «Til no har Herren hjelpt oss.»

13. Såleis vart filistarane kua, og dei kom ikkje oftare innanfor Israels grenser. Herrens hand låg tungt på filistarane så lenge Samuel levde.

14. Dei byane som filistarane hadde teke frå Israel, kom under Israel att, heilt frå Ekron til Gat; og bygdene som låg ikring dei, vann Israel att frå filistarane. Mellom Israel og amorittane var det òg fred.

1. Samuelsbok 7