3. Og Samuel sa til heile Israels-folket: «Vender de om til Herren av eit heilt hjarta, så få bort dei framande gudane og Astarte-bileta! Vend hjarta dykkar til Herren og ten han! Så skal han fria dykk frå filistarveldet.»
4. Då skilde israelittane seg av med Ba’al-gudane og Astarte-bileta og tente berre Herren.
5. Og Samuel sa: «Stemn heile Israel saman i Mispa! Så skal eg be til Herren for dykk.»
6. Då samla dei seg i Mispa, og dei auste opp vatn og rende det ut for Herrens åsyn. Den dagen fasta dei og sa: «Vi har synda mot Herren.» Sidan skifte Samuel rett mellom israelittane i Mispa.
7. Så snart filistarane fekk greie på at israelittane hadde samla seg i Mispa, drog fyrstane deira opp mot Israel. Då israelittane høyrde det, vart dei redde
8. og sa til Samuel: «Hald ikkje opp med å ropa til Herren vår Gud for oss, så han bergar oss frå filistarveldet.»
9. Då tok Samuel eit soglam og ofra det som heiloffer til Herren. Han ropa til Herren for Israel, og Herren svara han.