18. Så fortalde Samuel alt saman og dulde ingen ting for han. Då sa Eli: «Han er Herren. Han lyt gjera som han tykkjer best.»
19. Så voks Samuel opp. Og Herren var med han og lét ikkje noko av det han hadde sagt, falla maktlaust til jorda.
20. Då skjøna heile Israel frå Dan til Be’er-Sjeba at Herren sette lit til Samuel og hadde kalla han til profet.
21. Og Herren heldt fram med å syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord.