1. Samuelsbok 22:19-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Sidan øydde kongen prestebyen Nob med odd og egg. Både menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar, esel og sauer drap han med sverd.

20. Berre ein av sønene til Akimelek Akitubsson – Abjatar heitte han – slapp unna. Abjatar rømde til David,

21. og han fortalde David at Saul hadde drepe Herrens prestar.

22. Då sa David til Abjatar: «Alt den gongen Doeg frå Edom var der, skjøna eg at han ville seia det til Saul. Eg ber skulda for alle som er drepne i ætta di.

23. Slå deg til hjå meg, og ver ikkje redd! For han som vil ta livet av meg, vil ta livet av deg òg. Hjå meg er du trygg.»

1. Samuelsbok 22