1. Samuelsbok 16:10-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»

11. Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.»

12. Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.»

13. Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

14. Herren tok sin Ande frå Saul og sende ei vond ånd, som skræmde han.

15. Då sa mennene åt Saul til han: «Vi ser at ei vond ånd frå Gud skræmer deg.

16. Sei berre frå, herre, så skal tenarane dine, som står her framfor deg, leita opp ein mann som kan spela på harpe. Når så den vonde ånda frå Gud kjem over deg, skal han spela; då letnar det for deg.»

17. Saul svara: «Ja, finn meg ein mann som er god til å spela, og før han hit til meg!»

1. Samuelsbok 16