1. Samuelsbok 14:22-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Då dei israelittane som hadde gøymt seg i Efraims-fjella, fekk høyra at filistarane hadde rømt, sette dei etter dei og vart med i striden, dei òg.

23. Såleis hjelpte Herren Israel den dagen.Striden breidde seg bort imot Bet-Aven,

24. og det røynde hardt på for israelittane den dagen. Men Saul tok folket i eid og sa: «Forbanna vere den som tek til seg mat før det vert kveld og eg har fått hemn over fiendane mine!» Difor var det ingen i hæren som smaka mat.

25. På marka var det vokskaker med honning i.

26. Då folket kom over vokskakene, såg dei at dei var fulle av honning; men ingen tok noko av det i munnen. Slik age hadde folket for eiden.

27. Men Jonatan hadde ikkje høyrt at far hans hadde teke folket i eid. Han rette fram staven som han hadde i handa, og stakk enden på han ned i ei vokskake og tok honningen i munnen. Då fekk han att glansen i augo.

28. Ein av mennene tok til ords og sa: «Far din har teke folket i eid og sagt: Forbanna vere den som tek til seg mat i dag! Det er difor folka er trøytte.»

29. Jonatan svara: «Far min fører ulukke over landet. Sjå berre korleis eg fekk att glansen i augo då eg smaka litt på denne honningen.

30. Kor mykje større hadde ikkje mannefallet vorte hjå filistarane dersom folka i dag hadde fått eta seg mette av hærfanget dei har teke frå fienden.»

1. Samuelsbok 14