1. Samuelsbok 10:19-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Men no har de vraka dykkar Gud, han som berga dykk ut or all naud og fare, og sagt: Nei, du skal setja ein konge over oss! – Stig no fram for Herrens åsyn, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein!»

20. Så lét Samuel alle Israels ætter stiga fram, og med loddkasting vart Benjamins-ætta utteken.

21. Så lét han Benjamins-ætta koma fram, grein for grein, og Matri-greina vart utteken. Sidan fall loddet på Saul, son til Kisj. Dei leita etter han, men kunne ikkje finna han.

22. Då vende dei seg til Herren att og spurde: «Er mannen komen hit?» Herren svara: «Han har gøymt seg mellom føringsvognene.»

23. Dei sprang og henta han der, og han steig fram midt i folkemengda. Han var eit hovud høgare enn alle andre.

24. Og Samuel sa til folket: «Her ser de han som Herren har valt ut! Det finst ikkje hans like i heile folket.» Då jubla heile folkemengda og sa: «Leve kongen!»

25. Så kunngjorde Samuel kongelova for folket. Han skreiv henne opp i ei bok, som han la ned for Herrens åsyn. Sidan bad han farvel med folket, og dei fór heim, kvar til sitt.

1. Samuelsbok 10