1. Peter 1:17-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. De påkallar Gud som Far, han som ikkje gjer skil på folk, men dømer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg ferdast i age for Gud den tid de er her som framande.

18. De veit at det ikkje var med forgjengelege ting, sølv eller gull, de vart frikjøpte frå det tome livet de arva frå fedrane;

19. det var med Kristi dyre blod, blodet av eit ulastande og lytelaust lam.

20. Han var etla til dette før verda vart skapt, og for dykkar skuld har han vorte openberra i dei siste tider.

1. Peter 1