1. Mosebok 7:15-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Dei kom inn i arka til Noah, to og to av alle skapningar som har livsande i seg.

16. Hann og ho av alt som lever, kom inn til han, som Gud hadde sagt. Og Herren lét att døra etter han.

17. No fløymde vatnet over jorda i førti dagar. Det steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda.

18. Ja, vatnet auka uhorveleg på jorda, og arka flaut på vatnet.

19. Høgare og høgare steig det over jorda, så alle dei høge fjella under himmelen vart gøymde.

20. Femten alner steig det over fjella, og dei vart borte.

1. Mosebok 7