1. Mosebok 6:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Men Noah fann nåde hjå Herren.

9. Dette er soga om Noah og ætta hans. Noah var ein rettferdig og ulastande mann mellom dei som levde på den tid. Han ferdast med Gud.

10. Noah fekk tre søner: Sem, Kam og Jafet.

11. Men jorda vart verre og verre i Guds augo; ho vart full av urett.

12. Då Gud såg på jorda, var ho utskjemd; for alle menneske over heile jorda gjekk på vonde vegar.

13. Då sa Gud til Noah: «Eg har sett meg føre å gjera ende på kvar levande skapning; for dei har fylt jorda med urett. No vil eg rydja dei ut av jorda.

14. Du skal laga deg ei ark av sypresstre, innreia henne med mange rom og tjørebre henne både innvendes og utvendes.

15. Såleis skal du laga arka: Ho skal vera tre hundre alner lang, femti alner brei og tretti alner høg.

1. Mosebok 6