18. «Kva skal eg gje deg i pant?» spurde han. Ho svara: «Seglringen og snora, og staven som du har i handa.» Det gav han henne. Så fekk han liggja med henne, og ho vart med barn.
19. Ho stod opp og gjekk sin veg. Så la ho av seg sløret og tok på seg enkjebunaden.
20. Juda sende kjeet med venen sin frå Adullam og bad han få att pantet av kvinna. Men han fann henne ikkje.
21. Då spurde han folket der på staden: «Kvar er tempelskjøkja i Enajim, ho som sat attmed vegen?» Dei svara: «Det har ikkje vore noka skjøkje her.»