1. Mosebok 27:10-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Den skal du bera inn til far din, så han kan eta og velsigna deg før han døyr.»

11. Då sa Jakob til mor si: «Du veit Esau, bror min, er loden, og eg er snau.

12. Kanskje far kjenner på meg. Så trur han at eg vil halda han for narr, og eg fører forbanning over meg i staden for velsigning.»

13. «Den forbanninga skal eg ta på meg, guten min,» sa mora. «Berre lyd meg, du, og gå og henta kjeungane!»

14. Så gjekk han etter kjea og kom til mor si med dei. Ho laga ein god rett av det slaget faren lika.

15. Og Rebekka fann fram staskleda åt Esau, eldste son sin – ho hadde dei inne hjå seg – og lét Jakob, yngste sonen, ta dei på seg.

16. Og skinna av kjeungane hadde ho på hendene og halsen hans, der han var snau.

1. Mosebok 27