1. Mosebok 24:55-58 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

55. Men bror til Rebekka og mor hennar sa: «Lat jenta vera hjå oss ei tid, ti dagar eller så! Sidan kan ho fara.»

56. Då svara han: «Heft meg ikkje, no når Herren har late ferda mi lukkast! Lat meg få ta i veg og fara heim att til husbonden min!»

57. Dei sa: «Vi skal ropa på jenta og spørja henne sjølv.»

58. Så ropa dei på Rebekka og sa til henne: «Vil du fara med denne mannen?» Ho svara: «Ja, det vil eg.»

1. Mosebok 24