11. Abraham svara: «Eg tenkte: Det finst visst ingen age for Gud på denne staden; dei kjem til å slå meg i hel for kona skuld.
12. Og så er ho då syster mi; ho er dotter til far min, men ikkje til mor mi. Og ho vart kona mi.
13. Då Gud lét meg fara ikring langt borte frå farshuset mitt, sa eg til henne: Såleis skal du syna din kjærleik til meg: Kvar vi kjem, skal du seia at eg er bror din.»
14. Så tok Abimelek både småfe og storfe og trælar og trælkvinner og gav Abraham, og lét han få att Sara, kona si.
15. Abimelek sa: «Her ligg landet mitt framfor deg. Slå deg ned kvar du vil!»