21. Sakarja, son til Mesjelemja, vakta møteteltdøra.
22. Alle desse som var utvalde til å halda vakt ved dørstokkane, var i alt to hundre og tolv mann. Dei var oppskrivne i ættelister etter landsbyane sine. David og sjåaren Samuel hadde sett dei inn i tenesta fordi dei var pålitelege.
23. Dei og sønene deira skulle halda vakt ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden.
24. På fire sider skulle vaktarane sjå etter portane: i aust, vest, nord og sør.
25. Og brørne deira, som budde i landsbyane sine, skulle frå tid til anna koma og hjelpa dei i sju dagar.
26. Dei fire øvste portvaktarane gjorde støtt teneste. Dei var levittar. Sideroma og skattkammera i Guds hus hadde dei òg tilsyn med.
27. Om natta heldt dei seg kring Guds hus; for det var dei som skulle halda vakt og syta for at portane vart opna kvar morgon.