1. Krønikebok 7:17-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Son til Ulam var Bedan. Dette var sønene til Gilead, son til Makir, som var son til Manasse.

18. Han hadde ei syster som heitte Hammoleket; ho fekk sønene Isjhod, Abieser og Makla.

19. Sønene til Sjemida var Akjan, Sikem, Likhi og Aniam.

20. Son til Efraim var Sjutelak, hans son Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Taham

21. og hans son Sabad. Forutan Sjutelak hadde Efraim sønene Eser og Elad. Dei vart drepne av nokre menn frå Gat som var fødde der i landet, då dei kom dit ned og ville rana feet deira.

1. Krønikebok 7