4. Penuel, far til Gedor, og Eser, far til Husja. Dei var sønene til Hur, eldste son hennar Efrata og far til Betlehem.
5. Asjkur, far til Tekoa, hadde to koner, Hela og Na’ara.
6. Med Na’ara fekk han sønene Ahussam, Hefer, Temeni og Ahasjtari. Dette var sønene til Na’ara.
7. Sønene til Hela var Seret, Jishar, Etnan og Kos.
8. Kos vart far til Anub, Hassobeba og til ættene åt Aharkel, son til Harum.
9. Jabes var meir vørd enn brørne sine. Mor hans gav han namnet Jabes. «For med verk og vande har eg født han,» sa ho.
10. Jabes kalla på Israels Gud og sa: «Å, om du ville velsigna meg, auka landområdet mitt og stø meg med di hand! Å, om du ville laga det så at eg slepp unna ulukke og liding!» Og Gud lét det gå som han bad.
11. Kelub, bror til Sjuha, fekk sonen Mehir, han som vart far til Esjton.
12. Og Esjton fekk sønene Bet-Rafa, Paseak og Tehinna, han som vart far til Ir-Nakasj. Dette var mennene frå Reka.
13. Sønene til Kenas var Otniel og Seraja, og son til Otniel var Hatat.
14. Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart far til folket i Tømmermannsdalen; dei var tømmermenn.
15. Kaleb, son til Jefunne, hadde sønene Ir, Ela og Na’am, og son til Ela var Kenas.
16. Sønene til Jehallelel var Sif, Sifa, Tirja og Asarel.
17. Sønene til Esra var Jeter, Mered, Efer og Jalon. Jeter vart far til Mirjam, Sjammai og Jisjbak, far til Esjtemoa.
18. Mered hadde ei kone frå Juda; ho fødde Jered, som vart far til Gedor, Heber, far til Soko, og Jekutiel, far til Sanoah. Mered fekk òg born med Bitja, dotter til farao, som han hadde gift seg med.
19. Kona til Hodia, som var syster hans Naham, hadde desse sønene: far til Ke’ila frå Garem og Esjtemoa frå Ma’aka.
20. Sønene til Sjimon var Amnon, Rinna, Ben-Hanan og Tolon. Sønene til Jisji var Sohet og Ben-Sohet.
21. Etterkomarane etter Sjela, son til Juda, var Er, far til Leka, Lada, far til Maresja, og dei ættene som høyrde til linvevar-lauget i Bet-Asjbea,
22. Jokim og mennene i Koseba, Joasj og Saraf, som hadde hatt eigedomar i Moab, men var komne heim att til Betlehem – etter gamle segner.