1. Dette er talet på ættehovdingane åt israelittane, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og tilsynsmennene som tente kongen i alt det som hadde med hærflokken å gjera. Heile året arbeidde desse flokkane på skift, ein månad om gongen, og kvar av dei var på tjuefire tusen mann.
2. Over den fyrste hærflokken, som gjorde teneste i den fyrste månaden, stod Jasjobam, son til Sabdiel. Flokken hans var på tjuefire tusen mann.
3. Han var ætta frå Peres og var den øvste av alle dei hærførarane som gjorde teneste i den fyrste månaden.
4. Over den hærflokken som gjorde teneste i den andre månaden, stod Dodai frå Akoak. Miklot var ein av førarane i flokken hans, som var på tjuefire tusen mann.