1. Krønikebok 25:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så skilde David og leiarane for gudstenesta ut sønene til Asaf, Heman og Jedutun, som i profetisk glød skulle spela på lyre, harpe og cymbel. Dette er lista over dei mennene som stod for denne tenesta:

2. av Asaf-sønene: Sakkur, Josef, Netanja og Asarela – Asaf styrte sjølv songen, og spela i profetisk glød så som kongen hadde sagt føre;

3. av Jedutun, det vil seia sønene til Jedutun: Gedalja, Seri, Jesaja, Hasjabja og Mattitja, seks i talet – dei stod under Jedutun, far sin, som i profetisk glød spela på lyre til Herrens lov og pris;

4. av Heman, det vil seia sønene til Heman: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sjubael, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Eser, Josjbekasja, Malloti, Hotir og Mahasiot.

5. Dei var alle sønene til Heman, sjåaren åt kongen. Han hadde Gud lova stor kraft. Difor gav han Heman fjorten søner og tre døtrer.

1. Krønikebok 25