1. Satan stod fram mot Israel og eggja David til å halda folketeljing i landet.
2. Då sa David til Joab og dei andre hærførarane: «Gå av stad og tel israelittane frå Be’er-Sjeba til Dan, og lat meg få melding, så eg kan vita kor mange dei er.»
3. Joab svara; «Gjev Herren må gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er! Er dei ikkje alle dine tenarar, herre konge? Kvifor krev du då dette, herre? Kvifor skal dette føra skuld over Israel?»
4. Men kongen stod fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab.Så tok Joab ut og fór ikring i heile Israel. Og då han kom heim att til Jerusalem,
5. la han fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I heile Israel var det elleve hundre tusen våpenføre menn og i Juda fire hundre og sytti tusen.
6. Men Levi og Benjamin hadde han ikkje talt saman med dei andre. For Joab hadde mykje imot det påbodet kongen hadde gjeve.
7. Det som hadde hendt, var vondt i Guds augo, og han ville straffa Israel.
8. Då sa David til Gud: «Eg synda storleg då eg gjorde dette. Men tilgjev no, Herre, misgjerninga mi! For eg har bore meg fælt uvitug åt.»
9. Men Herren tala til Gad, sjåaren åt David, og sa:
10. «Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, så skal eg gjera det du vil.»
11. Så gjekk Gad til David og sa til han: «Så seier Herren: No kan du velja,
12. anten naud og svolt i tre år, eller at du må røma for fiendane dine i tre månader utan at du kjem deg unna sverdet deira, eller at pesten, Herrens sverd, fer over landet i tre dagar, og Herrens engel herjar i heile Israels-riket. Tenk no etter kva eg skal svara han som har sendt meg.»
13. David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat meg då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»
14. Så lét Herren ein pest koma over Israel, og det døydde sytti tusen mann av folket.
15. Gud sende ein engel til Jerusalem for å øydeleggja byen. Men då han heldt på med øydinga, såg Herren det. Då angra Herren på den ulukka han hadde sendt, og sa til engelen som herja: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Ornan.
16. Då David såg opp, fekk han auga på Herrens engel, som stod mellom himmel og jord med eit drege sverd i handa og rette det ut mot Jerusalem. Då kasta både David og dei eldste seg til jorda, kledde i botsdrakt.