1. Korintar 5:8-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Så lat oss halda høgtid, ikkje med gamal surdeig av vondskap og synd, men med reinleiks og sannings usyrte brød.

9. I brevet til dykk skreiv eg at de ikkje måtte ha noko å gjera med folk som lever i hor.

10. Då meinte eg ikkje alle som driv hor her i verda, heller ikkje dei pengekjære, ransmennene og avgudsdyrkarane. For då måtte de gå ut or denne verda.

11. Det eg meinte, var at de ikkje skal ha samkvem med nokon som vert kalla kristen bror, men er ein horkar, havesjuk, avgudsdyrkar, spottar, drikkar eller ransmann. Eit slikt menneske skal de heller ikkje eta i lag med.

1. Korintar 5