4. Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?
5. Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til.
6. Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.
7. Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster.
8. Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.
9. For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
10. Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer.
11. Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus.
12. Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm,
13. så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er.