1. Korintar 15:44-47 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

44. Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam.

45. Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv.

46. Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege.

47. Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen.

1. Korintar 15