1. Korintar 15:20-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna.

21. Fordi døden kom ved eit menneske, så er òg oppstoda av døde komen ved eit menneske.

22. For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.

23. Men kvar til si tid: Kristus er den fyrste; deretter fylgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem.

24. Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, Faderen, etter at han har gjort ende på all makt og alt herredøme og velde.

25. For han skal vera konge til Gud har «lagt alle fiendar under hans føter».

26. Den siste fienden som vert tynt, er døden.

27. For «alt har han lagt under hans føter». Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er han som har lagt alt under han.

28. Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle.

29. Kvifor lèt somme seg døypa for dei døde? Dersom dei døde ikkje står opp, kvifor lèt dei seg då døypa for dei?

30. Og kvifor set vi oss i fare kvar time på dagen?

31. Ja, eg døyr kvar dag, brør, så visst som det er dykk eg kan rosa meg av i Kristus Jesus, vår Herre.

32. Var det berre med von for dette livet eg stridde mot villdyr i Efesos, kva hadde det gagna meg? Dersom dei døde ikkje står opp att, så «lat oss eta og drikka, for i morgon døyr vi»!

33. Far ikkje vilt! «Låkt lag øyder gode seder.»

34. Vakna retteleg opp og synda ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det.

35. Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?»

36. Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr.

37. Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn.

38. Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad.

39. Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk.

1. Korintar 15