1. Kongebok 8:33-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. Når Israel, folket ditt, taper i striden mot fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om til deg og vedkjennest namnet ditt, bed til deg og tiggar om nåde i dette huset,

34. då må du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira og føra dei heim att til det landet du gav fedrane deira.

35. Når himmelen er stengd, så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, men dei så vender seg mot denne staden og bed til deg, vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si, fordi du har audmykt dei,

36. då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt til odel og eige.

37. Når det vert hungersnaud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornbrann og rust, grashopper og gnagarar, når fienden kringset byane der, når det kjem allslags plager og sjukdom over folket,

38. og så ein eller annan i heile folket ditt, Israel, ber fram inderlege bøner fordi han kjenner at det stikk han i hjarta, og breier ut hendene sine mot dette huset,

39. då må du høyra det i himmelen, der du bur. Tilgjev, grip inn og lat kvar mann få att etter åtferda si, du som kjenner hjarta hans. For du er den einaste som kjenner menneskehjarta.

1. Kongebok 8