1. Kongebok 18:31-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Han tok tolv steinar, ein for kvar av dei folkegreinene som var ætta frå sønene til Jakob, han som Herren hadde tala dette ordet til: «Israel skal namnet ditt vera.»

32. Av desse steinane bygde han eit altar i Herrens namn. Og rundt ikring altaret grov han ei veit så stor at ho svara til ein åker som tek to mål såkorn.

33. Han la veden til rettes, lema sund oksen og la han oppå veden.

34. Så sa han: «Fyll fire krukker med vatn og aus det ut over brennofferet og veden!» Og han sa: «Gjer det ein gong til!» Så gjorde dei det andre gongen. Då sa han: «Gjer det endå ein gong!» Så gjorde dei det tredje gongen.

35. Vatnet rann rundt ikring altaret. Jamvel veita fylte han med vatn.

36. Då tida for grødeofferet var komen, steig profeten Elia fram og sa: «Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det verta kjent i dag at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg har gjort alt dette!

37. Svar meg, Herre, svar meg, så dette folket kan sjå at du, Herre, er Gud, og at du vender hjarta deira attende til deg!»

38. Då fór Herrens eld ned og øydde både offeret og veden, steinane og molda, og sleikte opp vatnet som var i veita.

39. Då folket såg det, kasta dei seg til jorda og sa: «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!»

40. Elia sa til dei: «Ta Ba’al-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Ba’al-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.

41. Sidan sa Elia til Akab: «No kan du gå opp og få deg mat og drikke; for eg høyrer susen av regnet.»

42. Då gjekk Akab opp og heldt måltid. Og Elia steig opp på toppen av Karmel og bøygde seg mot jorda med andletet mellom knea.

43. Så sa han til tenaren sin: «Gå opp og sjå ut mot havet!» Guten gjekk opp og såg utover, men sa: «Det er ingenting å sjå.» Sju gonger sa Elia: «Gå opp att!»

1. Kongebok 18