16. Så gjekk Obadja sin veg. Han møtte Akab og fortalde han dette, og Akab gjekk av stad, ville møta Elia.
17. Med det same Akab vart var Elia, sa han: «Er du her, du som fører ulukke over Israel?»
18. Elia svara: «Det er ikkje eg som fører ulukke over Israel, men du og ætta di. For de har vendt dykk frå Herrens bod og fylgt Ba’al-gudane.
19. Men send no bod ikring og kall heile Israel saman hjå meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Ba’al-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som går til bords hjå Jesabel!»
20. Så sende Akab bod ikring til alle israelittane og stemnde profetane saman på Karmel-fjellet.
21. Då steig Elia fram for alt folket og sa: «Kor lenge vil de halta til begge sider? Er Herren Gud, så hald dykk til han, og er Ba’al Gud, så hald dykk til han!» Men folket svara ikkje eit ord.