39. Presten Sadok hadde teke med seg oljehornet frå Herrens telt, og no salva han Salomo. Dei bles i horn, og alt folket ropa: «Leve kong Salomo!»
40. Så fylgde heile hopen han opp att. Dei spela på fløyte og jubla høgt. Det var så jorda reint ville rivna av lyden.
41. Dette høyrde Adonja og alle gjestene hans. Dei var nett ferdige med måltidet, då Joab høyrde lyden av horn og sa: «Kvifor er det slikt ståk i byen?»
42. Ikkje før hadde han sagt det, så kom Jonatan, son til presten Abjatar. «Kom hit!» sa Adonja. «Du er ein påliteleg mann og kjem visst med godt nytt.»