1. Johannes 2:23-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg.

24. Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen.

25. Og dette er det han har lova oss: det evige livet.

26. Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt.

1. Johannes 2